Historisk arkiv

- Kommunane må kome nærare borgarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det er bra at kommunane er opptekne av utvikling. No vil eg utfordra dei til å kome nærare borgarane. Slik kommenterer kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete lokaldemokratiundersøkinga som blei lagt fram tysdag.

- Det er bra at kommunane er opptekne av utvikling. No vil eg utfordra dei til å kome nærare borgarane. Slik kommenterer kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete lokaldemokratiundersøkinga som blei lagt fram tysdag.

- Ikkje minst er det bra at politikarane har høgare ambisjonar enn innbyggjarane, seier Navarsete. Ifølgje undersøkinga er politikarane mindre nøgde med tenestene enn innbyggjarane.

Undersøkinga er kartleggjer kva folkevalde og innbyggjarar i 50 kommunar har av røynsler med og oppfatningar av kommunane. Nokre spørsmål er felles for folkevalde og innbyggjarane.

Ved å samanlikne eigne resultat med andre skal kommunane kunne utvikle seg og kunne følgje eiga utvikling over tid.

Undersøkinga viser at innbyggjarane er nøgde med tenestene og synes kommunane er effektive. Men dei vil vite meir om kva skattepengane blir brukt til. Innbyggjarane vil også bli høyrde i større grad.

- Innbyggjarane må få ta del
- Det er ingen tvil om at kommunen kan kome nærare borgarane, og la dei ta større del i avgjerdene. Kommunane må få meir informasjon tilgjengelig, til dømes gjennom sosiale media. Det er også viktig at innbyggjarane kan påverke meir direkte, for eksempel gjennom ungdomsråd. Fleire kommunar har hatt suksess med det, seier Navarsete.

Ho håper at kommunane også vil sjå på andre innbyggjarinitiativ. - Vi går frå informasjon til innbyggjarane til kommunikasjon med innbyggjarane, understrekar statsråden.

Ho legg til at det er eit alvorlig signal til politikarane at 60 prosent av dei spurte innbyggjarane meiner at det er særinteressene som får gjennomslag i kommunane og ikkje innbyggjarane sine fellesinteresser.

- Kommunane og det politiske leiarskapet har her ei klar utfordring viss dei skal ta vare på tilliten, seier kommunal- og regionalministeren.

Lokaldemokratiundersøkinga er første skritt for å lage ein database som kan vere referansegrunnlag for kommunar som vil bli betre på ulike område.

Utviklingsorienterte kommunar
Dei kommunane som har delteke vil no få resultata presentert, slik at dei kan starte arbeidet med å følgje opp resultata. - Slike undersøkingar er eit godt verktøy for å betre både tenestetilbod og lokalt demokrati, seier Navarsete, som også er glad for at dei folkevalte seier dei tykkjer politikarvervet er utfordrande og gjevande.

- Undersøkinga stadfestar at levande lokaldemokrati er viktig for innbyggjarane, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.