Historisk arkiv

- Lys framtid for norsk gass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

- Norsk gass vil spele ei viktig rolle i den europeiske energimiksen i lang tid framover, sa statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde då ho innleia under European Gas Conference i Stavanger.

Gass er ei rimelig, rein, påliteleg og trygg energikjelde. Ved å bytte ut kol med gass kan ein oppnå reduserte klimagassutslepp raskt og effektivt, noko utviklinga i mellom anna Storbritannia viser tydeleg. Berre ein tredjedel av dei tilgjengelege gassressursane på norsk sokkel er produsert fram til no. Norge vil halde fram med å vere ein stor og påliteleg leverandør av gass til den europeiske marknaden, seier statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde.

 Norsk gasseksport (http://www.norskpetroleum.no/produksjon-og-eksport/eksport-av-olje-og-gass/).

Norsk gass står for om lag ein fjerdedel av gassbehovet i EU. I 2016 vart det levert rekordstore volum av gass frå norsk sokkel. Det vart seld totalt 115 milliardar Sm³ gass (40 megajoule) i 2016.

Les meir om norsk olje- og gassproduksjon her.