Historisk arkiv

- Møre og Romsdal fylkeskommune bør prioritere stopp i bompengeinnkrevjinga i Vågstrandstunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har løyva 175 millionar kroner for å stoppe innkrevjinga av bompengar i Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal. Ein av føresetnadane er at Møre og Romsdal fylkeskommune gir si tilslutning til at innkrevjinga kan stoppe. Saka ligg på deira bord og eg oppmodar dei til å prioritere dette, slik at vi kan avvikle bomstasjonen så raskt som mogleg. Difor har eg sendt eit brev om dette til fylkesordføraren i Møre og Romsdal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Som ein del av regjeringspartias bompengeavtale, løyvar regjeringa i 2020 1,4 milliardar kroner til å redusere bompengetakstar utanfor byområda. 175 millionar kroner av desse midlane går til å slette deler av bompengegjelda i prosjektet slik at det vert gratis å køyre gjennom Vågstrandstunnelen.

Samferdselsdepartementet har lagt opp til at innkrevjinga kan stoppe innan 31. januar 2020.

Les brevet her.