Historisk arkiv

- Noreg skal vere ein føregangsnasjon i arbeidet mot oljeforureining og plast i havet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I dag opna samferdselsministeren Senter for oljevern og marint miljø i Svolvær. Senteret skal arbeide mot olje- og anna forureining i havet i Noreg, og også vere ein viktig internasjonal aktør på området.

Åpning av senteret
Samferdselsminister Jon Georg Dale og direktør for Senter for oljevern og marint miljø, Ann-Helen Ernstsen under opninga av senteret i dag. Foto: Henrik Jonassen/SD

- Eit reint hav er ekstremt viktig for ein nasjon som Noreg. Vi  må ta vare på matfatet vårt ved å redusere mengda plast i havet og vere godt førebudd på oljeforureining. Da treng vi meir kompetanse. Det skal Senter for oljevern og marint miljø hjelpe oss med, sa samferdselsminister Jon Georg Dale.

Senter for oljevern og marint miljø flytta inn i nye lokale i Svolvær tidligare i haust. I dag vart dei offisielt innvigd. Senteret skal vere eit nasjonalt kompetansesenter.

- Det er eit stort behov for å samle kunnskap og forvalte ressursane godt, sa Dale. Han peika på at det nye senteret også vil ha ei viktig rolle internasjonalt. Allereie neste år skal dei arrangere ein førkonferanse til den store internasjonale konferansen Our Ocean 2019 som Noreg inviterer til. 

Senter for oljevern og marint miljø skal framover samarbeide med Kystverket om å etablere fasilitetar i Fiskebøl i Vesterålen for testing av oljevernteknologi.

- Eg ser fram til at Senteret vert etablert i både Lofoten og Vesterålen, sa samferdselsminister Dale.