Historisk arkiv

- Norsk gass og fornybar er ein del av energiløysinga for Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

EU sin energiunion har eitt hovudmål: eit berekraftig, effektiv og sikker energisystem for heile Europa. Norsk gass og norsk fornybar energi kan spele ei viktig rolle. Det var olje- og energiminister Tord Lien sitt hovudbodskap i Brussel.

5. februar organiserte Europakommisjonen og Olje- og energidepartementet "EU-Norway Energy Conference" saman for tredje gong på rad.

Statsråden etterlyste eit klart signal for gassen si viktige rolle i eit berekraftig europeisk energisystem. Han oppfordra til kontinuerleg samarbeid mot ein vel fungerande felles energimarknad.

- Noreg vil vere ein viktig energipartnar for EU i lang tid framover, understreka Lien.

Europakommisjonen vil leggje fram ei "gasspakke" med nye forslag medio februar. Det er i følgje statsråden eit godt høve for EU for å komme med slike signal. Tidligare i veka sendte Lien saman med statsrådene Elisabeth Aspaker og Vidar Helgesen eit brev til EU-kommisjonen om "gasspakka", EUs energiunion og norsk gasseksport (les brevet her).

I Brussel hadde Lien også eit dialogmøte med EUs klima- og energikommissær Miguel Arias Caňete. Kommissæren la på si side vekt på det gode og viktige samarbeidet mellom EU og Noreg.

Lien møtte også ein representant frå De Grøne i Europaparlamentet, og generalsekretæren for Energy Charter, Urban Rusnák. Energicharteret er ein mellomstatleg avtale som skal fremje fri handel med energi globalt. Les meir om Energy Charter her.

(Olje- og energiminister Tord Lien i paneldiskusjon med EUs kommissær for klimaspørsmål og energi, Miguel Arias Cañete. Foto: Anders Aalbu/Norges delegasjon til EU)