Historisk arkiv

- Raskare planlegging av store veg- og jernbaneprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Den auka satsinga på samferdsel sidan 2006 skal vidareførast og styrkjast. Skal vi dra mest mogleg nytte av dei auka midlane, er det mellom anna viktig å få redusert planleggingstida for store veg- og jernbaneprosjekt, seier samferdselsministeren i samband med at ho i dag mottok ein rapport om effektivisering av planprosessar.

- Den auka satsinga på samferdsel sidan 2006 skal vidareførast og styrkjast. Skal vi dra mest mogleg nytte av dei auka midlane, er det mellom anna  viktig å få redusert planleggingstida for store veg- og jernbaneprosjekt. 

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho i dag mottok rapporten ”Effektivisering av planprosessene i store samferdselsprosjekter”.

Rapporten er laga av ei arbeidsgruppe som blei oppretta av Samferdselsdepartementet i desember i fjor. Arbeidsgruppa har særleg vurdert korleis ein innanfor dagens regelverk kan få til meir effektiv planlegging.

- Forslaga frå gruppa kan gi grunnlag for konkretisering og vidare oppfølging i både staten og i kommunesektoren, seier samferdselsministeren.

Ekspedisjonssjef Anders Buttedahl, Veg- og vegtrafikkavdelinga i Samferdselsdepartementet, har vore leiar for arbeidsgruppa, som elles har medlemmer frå Vegdirektoratet, Jernbaneverket, Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) og Byggenæringens Landsforening.

Samferdselsministeren har i dag også fått overlevert ein rapport frå eit internt forprosjekt i Statens vegvesen, der ein har analysert heile tidsløpet ved vegutbyging.

For fleire opplysningar – sjå :

Rapporten ”Effektivisering av planprosessene i store samferdselsprosjekter” (frå arbeidsgruppe oppretta av Samferdselsdepartementet) (pdf, 7 mb)

Rapporten ”Effektivisering av planlegging – forprosjekt” (Statens vegvesen) (pdf)

Pressemelding av 26. januar 2012