- Vasskrafta er ryggrada i det norske kraftsystemet

- Verdien av regulerbar og fornybar norsk vasskraft kan knapt overvurderast, sa olje- og energiminister Tord Lien då han talte under energikonferansen Kraft i vest på Sandane i Sogn og Fjordane torsdag.

- Den regulerbare norske vasskrafta er og vil halde fram med å vere ryggrada i det norske kraftsystemet. Også i denne regionen blir det produsert store mengder kraft. Norge har eit unikt utgangspunkt gjennom at vi har ei effektiv kraftforsyning med svært lave utslepp. Den fleksible vasskrafta opprettheld forsyningstryggleiken i ein kraftmarknad med stadig større andel av uregulerbar fornybar energi frå vind og sol, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Tord Lien under Kraft i vest

Tord Lien talte under konferansen Kraft i vest på Sandane (Foto: ERH/OED).

Kraft i vest er ein konferanse arrangert av Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Under konferansen deltok statsråden også i debatt med Marianne Marthinsen frå Arbeidarpartiet, Idar Kreutzer frå Finans Norge og Heidi Arnesen Austlid frå IKT Norge.


- For å sikre at vi forvaltar desse verdifulle naturrressursane best mogleg, må vi organisere kraftsystemet så effektivt som råd. Her ligg det eit potensial for forbetring. Det må gjerast store investeringar i nettet i dei kommande åra, og då treng vi handlekraftige nettselskap med høg kompetanse og stor omstillingsevne. Slik sikrar vi ei trygg og kostnadseffektiv straumforsyning til det beste for kundane, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).