- Vi må auke produktiviteten på norsk sokkel

Olje- og energiminister Tord Lien møtte ei rekkje viktige aktørar i petroleumsindustrien då han onsdag var hovudtalar under OG21-forum i Oslo. Statsråden la særleg vekt på at ein må arbeide for å få ned kostnadane og få opp produktiviteten i det som vil være Norges største og viktigaste næring i lang tid framover.

- Vi er inne i ein fase med låge oljeprisar, fall i aktivitetsnivået og behov for kostnadskutt.  Olje- og gassindustrien er ei omstillingsdyktig næring, som har vist evne til å handtere denne type utfordringar tidlegare. Større vekt på forsking og teknologiutvikling er heilt sentralt for å finne fram til løysingane vi skal bruke på norsk sokkel i framtida. Slik kan næringa blir endå meir konkurransedyktig, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP). 

Frå venstre: Walter Qvam, adm. dir. i Kongsberggruppen, olje- og energiminister Tord Lien og Produktivitetskommisjonens Siri HatlenFrå venstre: Walter Qvam, adm. dir. i Kongsberggruppen, olje- og energiminister Tord Lien og Produktivitetskommisjonens Siri Hatlen (Foto: HEV/OED).

- Hovudansvaret for å utvikle nye løysingar ligg i næringa sjølv, men styresmaktene kan bidra. Difor har regjeringa prioritert å gje ei kraftig auke i løyvingane til petroleumsretta teknologiutvikling- og demonstrasjon gjennom Demo 2000-programmet neste år. Dette tiltaket vil stimulere til auka aktivitet og sysselsetting på kort sikt, men legg samtidig til legge rette for å redusere kostnader, auke effektiviteten og redusere utsleppa på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

 Frå venstre: Arvid Hallén, adm. dir. i Forskningsrådet og olje- og energiminister Tord Lien (Foto: HEV/OED).Frå venstre: Arvid Hallén, adm. dir. i Forskningsrådet og olje- og energiminister Tord Lien (Foto: HEV/OED).

OG21-forum er ei årleg samling der aktørar på høgt nivå i petroleumsindustrien møtast for å diskutere den vidare betydninga av teknologi og innovasjon for verdiskaping i Norge og på norsk sokkel.