Historisk arkiv

23 millionar kroner til nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2012

Regjeringa foreslår å løyve 23 millionar kroner til byggestart av eit nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund. Observatoriet kartlegg bevegelsar i jordoverflata, jordas rotasjon og nøyaktige plassering i verdsrommet.

Regjeringa foreslår å løyve 23 millionar kroner til byggestart av eit nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund. Observatoriet kartlegg bevegelsar i jordoverflata, jordas rotasjon og nøyaktige plassering i verdsrommet.

- Eg er glad for at regjeringa med denne løyvinga no følgjer opp vedtaket frå desember om å bygge nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund. Eg besøkte sjølv observatoriet i mars og er klar over at det treng oppgradering. Ny teknologi og kombinasjonen av fleire måleteknikkar vil gi betre nøyaktigheit på målingane som inngår i et verdsomspennande observasjons- og forskingsnettverk, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Observatoriet bidreg til eit felles, stabilt utgangspunkt for målingar av klima, havnivå, flaum, ras, jordskjelv og is-smelting. Det er til dømes ikkje mogeleg å måle landheving med naudsynt presisjon utan dette referansegrunnlaget. Nøyaktige estimat for landheving er naudsynt for å skilje om det er havnivå eller land som hever seg. Andre samfunnsinteresser har også nytte av observatoriet, mellom anna jordobservasjon, navigasjon, offshore- og anleggsbransjen.

Plasseringa i Ny-Ålesund gjer dette til ein ekstra viktig del av det globale nettverket med rundt 25 observatorium. På grunn av teknologikrav og gamle delar må noverande utrusting fornyast.

Observatoriet understøtter regjeringa si nordområdestrategi, og med en oppgradering vil dette også styrke heilårs busetting i Ny-Ålesund.

Gjennomføringa av nytt observatorium i Ny-Ålesund vil ta fem år frå start til ny antenne står klar. Deretter trengst tre års overlapp i målingar for å sikre tidsseriar før gamal infrastruktur koplast ut. I tillegg til oppstartsløyvinga på 23 millionar kroner foreslår regjeringa ei fullmakt på 196 millionar kroner for å dekke totalkostnadane ved prosjektet, som er estimert til 219 millionar kroner.