Historisk arkiv

- Eit godt budsjett for kultur og kyrkje i 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Det totale budsjettforslaget for 2005 er om lag 6,2 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 640 millionar. Av dette er 216,5 millionar rammeoverføringar i samband med at Kultur- og kyrkjedepartementet frå 1. januar 2005 overtek ansvaret for frivillig sektor. Korrigert for desse endringane blir auken i løyvingane til kultur- og kyrkjeformål 7,5 prosent. (06.10.04) Samleside for budsjettframlegget for Kultur- og kyrkjedepartementet for 2005

Pressemelding

Nr.: 89/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. 913 46 557

- Eit godt budsjett for kultur og kyrkje i 2005

Det totale budsjettforslaget for 2005 er om lag 6,2 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 640 millionar. Av dette er 216,5 millionar rammeoverføringar i samband med at Kultur- og kyrkjedepartementet frå 1. januar 2005 overtek ansvaret for frivillig sektor. Korrigert for desse endringane blir auken i løyvingane til kultur- og kyrkjeformål 7,5 prosent.

- Kultur- og kyrkjepolitikken dreier seg særleg om område som vedkjem menneske som åndsvesen. For å utvikla identitet og integritet må individet oppleva nærleik til sitt eige liv og si eiga historie. Kultur har ein viktig plass i ei tid med store endringar og omstillingar. Kultur skaper identitet og kunnskap om oss sjølve og andre – og gir ei robust plattform i ei ny tid. Regjeringa ser det derfor som viktig at kulturpolitikken sikrar eit utfordrande og stimulerande kulturtilbod til alle, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Frivillige organisasjonar
Frivillig arbeid og dugnadsinnsats gir meining og fellesskap for dei involverte og stor nytteverdi for samfunnet. Regjeringa legg vekt på å betra forholda for frivillig verksemd. Derfor har Kultur- og kyrkjedepartementet fått eit koordinerande ansvar frå 1. januar 2005. Dette inneber ei betre samordning av den statlege politikken på frivillig sektor, noko som m.a. kan synleggjera kor mykje frivillig aktivitet har å seia for verdiskapinga i samfunnet.

Endringa inneber m.a. at Frifondsordninga, midlar til momskompensasjon og frivilligsentralane blir samla i Kultur- og kyrkjedepartementet.

Regjeringa foreslår å auka grensa for skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar frå 6 000 til 12 000 kroner.

I løpet av 2005 skal departementet etablera ein nettportal, som m.a. skal gi informasjon om statlege tilskot til frivillig verksemd.

Store kulturprosjekt kjem i mål i 2005
Regjeringa har i budsjettet for 2005 følgt opp kulturmeldinga - (St.meld. nr 48 (2002-03)- Kulturpolitikk fram mot 2014 med forslag om løyvingar til ein del større prosjekt det har vore arbeidd med i fleire år, og som no i all hovudsak blir løyste. Dette gjeld først og fremst Nasjonalbiblioteket si avdeling i Oslo, der rehabilitert hovudbygg, nytt underjordisk sikringsmagasin og eit eige tilbygg kan takast i bruk i 2005.

Elles har større investeringsformål, som t.d. nybygg for Hålogaland Teater og Glomdalsmuseets romaniavdeling, saman med auka husleige for Nasjonalmuseet for kunst og Arkivverket, funne si løysing innanfor budsjettramma.

Det er lagt inn investeringsmidlar til alt igangsette prosjekt ved Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter, Kvæntunet, Fredriksten Festning, Østsamisk museum i Neiden, Hringariki – Veien kulturminnepark og Telemarkskanalen.

I tillegg er det foreslått auke i løyvingane til Nobels Fredssenter, Scene for Dans/Dansens Hus, Grenland Friteater, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Molde Internasjonale Jazzfestival. Det er også foreslått ei mindre styrking av støtteordningane for musikkensemble og festivalar under Norsk kulturråd. Det blir fremja forslag om fire nye statsstipendiatar og 10 nye arbeidsstipend for kunstnarar samt auke i storleiken på stipenda.

Mediepolitiske satsingsområde
Ytringsfridomen er ein grunnleggjande føresetnad for eit levande folkestyre. Regjeringa vil leggja tilhøva til rette for eit breitt og uavhengig offentleg ordskifte gjennom eit mangfald av aviser, etermedium og andre informasjonsformidlarar. Avisene sine resultat dei siste åra har utvikla seg positivt, og pressestøtta blir vidareført på same nominelle nivå som i 2004.

Departementet legg til grunn at det i åra framover vil vera ei sentral oppgåve for NRK å byggja opp og tilby eit norskspråkleg alternativ for barn og unge. Det er foreslått ein auke i kringskastingsavgifta på om lag 2,1 prosent, til 1.969 kroner (inkl. mva.)

Departementet foreslår at det blir oppretta ei ny tilskotsordning for regional filmsatsing med ei løyving på 7,5 millionar. Film- og kinobransjen blir innlemma i meirverdiavgiftssystemet frå 1. januar 2005.

Budsjettforslaget inneber ei løyving på 32,5 millionar kroner til ei kompensasjonsordning for kopiering til privat bruk. Ordninga skal gi individuell kompensasjon til rettsinnehavarane.

25 millionar til trusopplæring
I budsjettforslaget for 2005 er det foreslått ein auke på 25 millionar kroner til reform av trusopplæringa. Reformarbeidet tok til i 2004. Med opptrapping og vidareføring av tidlegare års løyvingar, vil innsatsen til trusopplæring vera på 55 millionar kroner i 2005.

Den norske kyrkja vart frå 2004 omfatta av ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar. Grensa blir fordobla i 2005.

Spelemidlar
Ut frå prognosane frå Norsk Tipping AS i 2004 vil dei samla inntektene av spelemidlar utanfor statsbudsjettet til kulturformål bli om lag 400 millionar kroner for 2005. Dette blir fordelt med 40 prosent til Den kulturelle skulesekken (160 millionar kroner), 30 prosent til Frifond (120 millionar kroner) og 30 prosent (120 millionar kroner) til lokale og regionale kulturbygg.

Det vil bli fordelt om lag 1,2 milliardar kroner av speleoverskotet til idrettsformål i 2005.