Historisk arkiv

- Noreg skal bli eit foregangsland i sirkulær økonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa legg i dag for første gong fram ein heilskapleg strategi for sirkulær økonomi. – Målet er at Noreg skal bli eit foregangsland i grøn, sirkulær økonomi. Det betyr at det vi produserer og forbruker må tære mindre på jorda, naturen og dei ressursane vi lever av, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

- I framtida må produkta vi lager vare lengre, dei må kunne reparerast, gjenvinnast, vere utan giftstoff og gje mindre avfall. Vi må utnytte meir råstoff frå avfall til nye produkt, og redusere behovet for å ta ut nytt råstoff frå naturen. Det krev at alle gode krefter jobbar i lag, og difor legg vi i dag som første norske regjering fram ein heilskapleg strategi for sirkulær økonomi, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Last ned den nye strategien her. (English summary).

EU har allereie lagt lista høgt for korleis Europa skal gå føre i omstillinga og det gir oss gode moglegheiter til å bidra med det vi er gode på; høge miljøstandardar, høg produktivitet og høg kompetanse.

- Omstillinga som EU no varslar er av stor betydning, og det er viktig at breidda av næringslivet deltar aktivt på dette området, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Noreg skal vere eit føregangsland gjennom aktiv vidareutvekling av politikk og verkemiddel både nasjonalt og i samarbeidet med EU. Regjeringa skal sikre rammevilkåra, og fjerne barrierar for eit meir sirkulært næringsliv i Noreg.

Ryddesjau

Strategien er eit bredt samarbeid mellom fleire departement. Den legg grunnlaget for regjeringas arbeid for å utnytte potensial for verdiskaping i eit meir sirkulært, norsk næringsliv.

- Omstillinga til meir sirkulær økonomi utfordrar innretninga på politikken på ei rekke område. Sjølve jobben må gjerast av folk og bedrifter der ute, men vi som regjering har eit ansvar for å sørgje for at ressursane kan finne kvarandre i den sirkulære økonomien. Mykje av dagens regelverk hindrar at ressursar blir godt nok utnytta, og vi varslar no ein stor ryddesjau for å oppdatere regelverk og planlegge for nye utfordringar, seier Rotevatn.

Regjeringa vil styrke moglegheitene forbrukarane har til å vite korleis dei kan ta gode, berekraftige val i tråd med ei sirkulær tenking. Regjeringa ønsker å styrke kunnskapen om sirkulær økonomi i vare- og handelsnæringa og styrke standardiseringsarbeidet slik at næringslivet kan bruke globale standardar når dei fremmar sirkulære produkt.

Regjeringa vil utarbeide ein handlingsplan for å auke delen av klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.

Næringane med størst potensial

Regjeringa kjem med ei rekke konkrete tiltak på dei områda som er identifiserte som å ha det største potensialet for sirkulær økonomi i Noreg. Det gjeld bioøkonomien, prosessindustrien, bygg-, eigedom- og anleggsnæringa, og varehandel og tenestenæringane.

– Utviklinga mot ein stadig meir sirkulær økonomi skaper moglegheiter for norsk næringsliv, både når det gjeld verdiskaping og utnytting av ressursar. Industrien er allereie komen langt i den grøne omstillinga, og sjølv om utsleppa er betydeleg reduserte, er det meir å henta innan auka sirkularitet. Handelsnæringa kan bidra ved å stilla krav til produsentar av varer og tenester, utvikla nye forretningsmodellar og legga til rette for at forbrukarar tar berekraftige val, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

- Bygg-, eigedoms,- og anleggsnæringa genererer store klimagassutslepp. Regjeringa jobbar derfor for å gjere det lettare å halde ved like og modernisere eksisterande bygg, og vi legg til rette for meir ombruk av byggevarer. Om kort tid sender vi på høyring forslag til endringar i byggteknisk forskrift som vil bidra til reduserte klimagassutslepp frå bygg, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

– Landbruket er sirkulært av natur, og dei fornybar ressursane frå landbruket vil spela ei sentral rolle i utviklinga av den sirkulære økonomien i Noreg. Auka og meir effektiv bruk av dei fornybar ressursane frå landbruket kan gi oss både auka verdiskaping, nye arbeidsplassar og reduserte klimagassutslepp, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Sjømatnæringa ein av dei største næringane i Noreg innafor fornybare ressursar, og ei viktig eksportnæring. Potensialet for næringa er stort.

– Med denne strategien vil vi at norsk sjømatnæring blir verande ein viktig bidragsytar i matsystema i framtida. Det handlar om å stadig utvikle og forbetre produksjonen i ei meir berekraftig retning, til det beste for miljøet, fisken og samfunnet. Her kan sjømatnæringa spele ei sentral rolle, òg internasjonalt, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Nye økonomiske verkemiddel

Regjeringa jobbar no med å setje ned eit utval som skal gjennomføre ein større gjennomgang av skatte- og avgiftssystemet. Utvalet skal sjå på skatte- og avgiftssystemet i samanheng, og sikre at vi får eit godt kunnskapsgrunnlag på plass. Som del av arbeidet, vil utvalet få i oppdrag å vurdere korleis økonomiske verkemiddel kan bidra til ein meir sirkulær økonomi.

- Overgangen til ein sirkulær økonomi er ei stor moglegheit for Noreg. Med ein heilskapleg strategi for ein sirkulær økonomi kan Noreg vise verda at grøn, sirkulær økonomi er både god miljø- og klimapolitikk og samstundes god butikk, seier Rotevatn.