Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Opnar 181 nye fengselsplassar ved Ullersmo og Eidsberg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

I morgon, fredag 30. juni, opnar justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (FrP) nye bygg ved Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling, med 96 og 85 nye plassar.

Det blir omvisning og moglegheit for intervju med statsråden.

Ved Ullersmo fengsel og Eidsberg avdeling er det for fyrste gong oppført fengsel i større skala med eit modulbasert standardkonsept. Dette sparer tid i planleggingsprosessen og gir lågare kostnader for både planlegging og drift.

Ullersmo fengsel
Ullersmoveien 5, Kløfta
Oppmøte kl. 8.30. Opning kl. 9.00. Omvising for statsråden og presse kl. 9.30 - 10.00

Indre Østfold fengsel, Eidsberg avdeling
Vandugbakken 89, Mysen
Oppmøte kl. 11.15. Opning kl. 11.45. Omvising for statsråden og presse kl. 12.20 - 13.00

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Arild Strømmen, 450 30 240 eller pressetelefon 975 53 745

Påmelding med fullt namn og fødselsdato må sendast til arild.strommen@jd.dep.no Ta med gyldig identifikasjon. Vi gjer oppmerksam på at mobiltelefonar må leggjast igjen ved inngangen.