Historisk arkiv

0,7 millionar kroner til Sokndal kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– I april i år vart Sokndal kommune råka av ein stor og dramatisk skogbrann. Då må storsamfunnet stille opp og ta ein del av rekninga, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Departementet betaler no ut 0,7 millionar kroner til Sokndal for kostnader knytt til sløkking av brannen.

I april 2019 braut det ut ein stor skogbrann i Sokndal kommune i Rogaland. Brannen vart sløkt med god hjelp frå lokale brannmenn, silvilforsvaret, heimevernet og politiet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir Sokndal kommune 0,7 millionar kroner i kompensasjon for kostnadene med skogbrannen. Midlane kjem frå budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00