Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

1 172 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

1101 Eigersund

867 853

26 642

3,2

1103 Stavanger

8 510 217

229 470

2,8

1106 Haugesund

2 133 939

53 411

2,6

1108 Sandnes

4 551 671

156 638

3,6

1111 Sokndal

223 813

5 477

2,5

1112 Lund

207 717

3 968

1,9

1114 Bjerkreim

180 063

3 360

1,9

1119 Hå

1 091 472

45 845

4,4

1120 Klepp

1 105 946

30 634

2,8

1121 Time

1 078 685

37 382

3,6

1122 Gjesdal

701 623

29 249

4,4

1124 Sola

1 636 598

47 009

3,0

1127 Randaberg

662 669

26 778

4,2

1130 Strand

760 292

21 812

3,0

1133 Hjelmeland

194 149

2 892

1,5

1134 Suldal

279 360

8 108

3,0

1135 Sauda

314 638

6 228

2,0

1144 Kvitsøy

50 479

1 754

3,6

1145 Bokn

71 120

845

1,2

1146 Tysvær

684 608

27 585

4,2

1149 Karmøy

2 391 992

70 829

3,1

1151 Utsira

34 371

438

1,3

1160 Vindafjord

557 706

14 514

2,7

Til fordeling gjennom året

12 900

 

 

Rogaland

28 303 882

844 369

3,1

       

Rogaland fylkeskommune

6 334 632

327 601

5,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.