Historisk arkiv

1 250 millionar kroner til idrettsformål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa har fordelt 1 250 millionar kroner til idrettsformål for 2007. Dette er ein auke på 50 millionar kroner samanlikna med 2006.

Regjeringa har fordelt 1 250 millionar kroner til idrettsformål for 2007. Dette er ein auke på 50 millionar kroner samanlikna med 2006.

Det statlege tilskotet til idrettsformål kjem frå overskotet til Norsk Tipping AS. Norsk Tipping hadde i 2006 ein liten vekst i omsetninga.

– Hovudfordelinga vidarefører og forsterkar regjeringa si satsing på idrett for barn og ungdom, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Idrettsanlegg i kommunane
Det er sett av 625 millionar kroner til idrettsanlegg i kommunane, som er det klart største beløpet nokon gong.

– Idrettsanlegg er ein grunnleggjande føresetnad for nesten all organisert idrettsaktivitet og aktivitet på eiga hand. Satsinga på idrettsanlegg er difor avgjerande for å kunne nå målet om idrett og fysisk aktivitet for alle, seier statsråd Giske. 

Regjeringa ønskjer også særskilte satsingar gjennom eit eige anleggspolitisk program. Det er sett av 60 millionar kroner til dette formålet i 2007.

 – Gjennom det anleggspolitiske programmet vil vi kunne sette inn ekstra ressursar på nokre sentrale område. Dette er viktig for å bidra til at barn og ungdom over heile landet får gode vilkår til å drive idrett, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Tildelinga for 2007 utgjer også ein markert styrking av tilskotet til anlegg for friluftsliv i fjellet. Det er sett 10 millionar kroner til dette formålet.

Lokale lag og foreiningar får 125 millionar kroner
Tilskotsordninga til lokale lag og foreiningar vert auka med 5 millionar kroner i høve til fjoråret. Målet med tilskotet er å stimulere til aktivitet i lag og foreiningar som driv idrett og fysisk aktivitet for barn og ungdom.

Evalueringar syner at tilskotsordninga fungerer godt og at måla vert oppnådd.     

Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité og Stiftelsen Antidoping Norge
Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité er frå før av tildelt 352 millionar kroner, og Stiftelsen Antidoping Norge har fått 19 millionar kroner. 

Hovedfordelingen 2007 

Fylkesvis fordeling 2007 - spillemidler til idrettsanlegg i kommunene

Tall fra fordelingen i 2006:
Hovedfordelingen for 2006 (pdf)
Fylkesoversikt - spillemidler til idrettsanlegg i kommunene (pdf)