Historisk arkiv

Ny lov gjeninnfører mellombels unntak frå kommuneloven og IKS-loven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Koronapandemien gjer at mange kommunar fortsatt har behov for å tilpasse møteavviklinga i folkevalde organ og interkommunale selskap for å overhalde smittevernreglane. Regjeringa foreslår difor å innføre ein ny mellombels lov som utvidar moglegheita for kommunar og fylkeskommunar til å ha fjernmøter i staden for fysiske møter.

I mars fastsette Kommunal- og moderniseringsdepartementet mellombels forskrift om gjennomføring av fjernmøter i folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar for å hindre spreiing av koronaviruset. Fjernmøteforskriften opna for at folkevalde organar kunne gjennomføre fjernmøter, òg når dei var pålagt å lukke møtet. Forskrifta gjaldt fram til 1. august 2020.

14. april 2020 vedtok Stortinget ein midlertidig lov om unntak fra kommuneloven, IKS-loven og partiloven. Loven opna for at interkommunale selskap kunne gjennomføre fjernmøter. Det vart samstundes mogeleg å signere møteprotokollar med elektronisk signatur. Loven vart oppheva 16. september 2020.

Regjeringa legg no fram forslag om ein ny mellombels lov, der vi vidareførar unntaka frå kommuneloven og IKS-loven fram til 1. juni 2021.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon; 22 24 25 00