Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

1 504 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

4601 Bergen

16 175 756

493 658

3,1

4602 Kinn

1 074 757

20 987

2,0

4611 Etne

268 633

8 980

3,5

4612 Sveio

356 655

11 525

3,3

4613 Bømlo

727 620

14 331

2,0

4614 Stord

1 078 023

37 862

3,6

4615 Fitjar

203 665

4 175

2,1

4616 Tysnes

213 710

6 761

3,3

4617 Kvinnherad

809 137

16 006

2,0

4618 Ullensvang

768 936

17 553

2,3

4619 Eidfjord

82 395

2 339

2,9

4620 Ulvik

94 930

2 276

2,5

4621 Voss

1 003 293

33 471

3,5

4622 Kvam

551 243

13 238

2,5

4623 Samnanger

163 791

4 346

2,7

4624 Bjørnafjorden

1 096 789

34 544

3,3

4625 Austevoll

384 660

9 011

2,4

4626 Øygarden

2 194 581

78 700

3,7

4627 Askøy

1 722 181

54 030

3,2

4628 Vaksdal

278 221

4 822

1,8

4629 Modalen

50 660

1 186

2,4

4630 Osterøy

467 248

13 491

3,0

4631 Alver

1 775 743

62 411

3,6

4632 Austrheim

192 449

6 401

3,4

4633 Fedje

58 827

567

1,0

4634 Masfjorden

138 976

2 609

1,9

4635 Gulen

180 710

3 215

1,8

4636 Solund

74 388

1 160

1,6

4637 Hyllestad

106 045

1 848

1,8

4638 Høyanger

277 221

5 457

2,0

4639 Vik

195 383

5 021

2,6

4640 Sogndal

745 618

35 150

4,9

4641 Aurland

132 897

5 694

4,5

4642 Lærdal

151 130

3 381

2,3

4643 Årdal

348 833

15 092

4,5

4644 Luster

348 784

12 183

3,6

4645 Askvoll

218 588

7 055

3,3

4646 Fjaler

213 620

5 597

2,7

4647 Sunnfjord

1 402 910

40 773

3,0

4648 Bremanger

266 847

4 180

1,6

4649 Stad

616 463

20 719

3,5

4650 Gloppen

400 347

10 023

2,6

4651 Stryn

452 544

12 108

2,7

Til fordeling gjennom året

30 000

 

 

Vestland

38 095 209

1 137 136

3,1

       

Vestland fylkeskommune

  10 222 828

 366 699

3,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.