Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjett 2019:

10 millionar meir til Språkbanken i Nasjonalbiblioteket

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje den nasjonale satsinga på digitale språkressursar på norsk. Dette legg til rette for at næringsliv og forskingsmiljø kan hente ut språkressursar frå Språkbanken for å utvikle språkteknologiske produkt på norsk.

– Stadig meir programvare, appar og robotar med kunstig intelligens blir utvikla med engelsk som bruksspråk og med engelsk terminologi i botn. For å sikre at norsk er hovudspråk i norsk arbeidsliv og samfunn også i framtida, er det avgjerande at norsk språk heng med i den teknologiske utviklinga, og at vi har gode tenester som Språkbanken for å sikre dette, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Språkbanken er ei teneste i Nasjonalbiblioteket som blei etablert i 2010. Språkbanken inneheld digitale tekst- og taledata som dannar grunnlag for utvikling av språkteknologi på norsk. Produkt som er basert på språkteknologi, er nyttige i helsesektoren, velferdssektoren, næringslivet og kunnskapssektoren. Eldre som kan bu heime lenger dersom dei får ta i bruk språkteknologiske tenester, kan til dømes ha behov for å bruke desse tenestene på norsk.

Til toppen