Revidert nasjonalbudsjett:

10 millionar meir til Sykkel-VM i Bergen

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner til Sykkel-VM 2017. Dette vil gi ei samla statleg løyving på 52 millionar kroner.

– Sykkel-VM 2017 blir eit stort og viktig arrangement for Noreg. Regjeringa gjer framlegg om ei tilleggsløyving for å sikre ei forsvarleg og god gjennomføring, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

7,5 millionar kroner av tilleggsløyvinga skal dekkje auka kostnader til veg- og kollektivtiltak, 2,5 millionar kroner skal gå til meirutgifter for Sivilforsvaret.

VM i landevegssykling blir arrangert i Bergen frå 16. til 24. september 2017.

Sykkel-VM er eit spleiselag mellom staten, lokale styresmakter, sponsorar, publikum og frivillige. Det er tidlegare løyvd totalt 42 millionar kroner i statleg tilskot til meisterskapen, 25,5 millionar kroner i 2016 og 16,5 millionar kroner i 2017. Tilskota er fordelt med 26 millionar kroner til samferdsletiltak inkludert omlegging av kollektivtransport, 3 millionar kroner til ekstraordinære politikostnader, 1 million kroner til eit frivilligprogram, 4 millionar kroner til folkehelsetiltak og 8 millionar kroner til Noregsfremje/næringsformål.