Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2019:

10 millionar til digitalstrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å bruke 10 millionar kroner på å følge opp anbefalingane frå Digital21-gruppa.

Tidlegare i haust fekk næringsministeren ein strategi med 64 forslag til digitaliseringstiltak frå Digital21-gruppa. Regjeringa foreslår å bruke 10 millionar kroner på å følge opp strategien.

– Noreg skal vere leiande på nye, digitale løysingar. Samtidig er det mange bedrifter, og særleg dei små, som syntast dette er krevjande. Digital21-strategien gir oss mange anbefalingar om korleis regjeringa kan hjelpe næringslivet med å ta i bruk dei nyaste teknologitrendane, for ikkje å gå ut på dato, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Dei fem overordna anbefalingane i strategien er å:

  1. Utvikle den digitale teknologibasen som norsk næringsliv treng framover
  2. Sikre tilstrekkeleg og riktig kompetanse
  3. Sørge for cybersikkerheit
  4. Gjere dataressursar tilgjengeleg og sørge for god infrastruktur
  5. Utvikle offentleg rammeverk som gir innovasjon og digitalisering