Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2013

10 millionar kroner til prostatasenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til etablering av prostatasenter i dei regionale helseføretaka. Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma blant menn og utgjer 25 prosent av alle krefttilfella hos menn.

- Prostatasentera vil kunne gi pasientar med symptom på prostatakreft ei rask avklaring av diagnose og god informasjon om vidare oppfølging og behandling, og setje pasienten i stand til å ta informerte val, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

Prostatakreft er på fleire måtar ei særleg utfordring innan diagnostikk og val av behandling, og skil seg frå mange andre kreftformer ved at ikkje alle pasientar har behov for behandling med ein gong. Det manglar pålitelege metodar som kan skilje mellom dei som vil ha nytte av behandling frå dei som har like gode leveutsikter utan behandling. Dette er viktig fordi både kirurgisk behandling, strålebehandling og medikamentell behandling kan ha alvorlege biverknader.

- Behandlingsval krev nøyaktig diagnostikk og godt samarbeid mellom pasient og lege. Det er ein av grunnane til at regjeringa ønskjer å opprette fire slike senter, seier Jonas Gahr Støre.

I 2010 fekk 4210 menn diagnosen. Sjølv om det er utarbeidd nasjonale retningsliner, varierer utreiing og behandling betydeleg. Det er fleire døme på at det går for lang tid frå mistanken om prostatakreft oppstår til det er klarlagt om det er behov for behandling og i så fall kva for behandling ein skal gi. Symptoma ved prostatakreft er ikkje eintydige, og det er derfor viktig å oppsøkje lege ved symptom på sjukdom.

Løyvinga på 10 millionar kroner vil bli fordelt på fire millionar kroner til Helse Sør-Øst, og to millionar kroner kvar til dei tre andre regionale helseføretaka.

Les mer om Revidert nasjonalbudsjett 2013

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter