Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett 2020

10 millioner til å følge opp NAV-sakene

Regjeringa foreslår å løyve 10,2 millioner kroner for å følge opp sakene som knytter seg til NAV sin feilaktige utøving av trygderegelverket.

Midla skal gå til:

  • Den høgare påtalemyndighet
  • Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
  • Statens sivilrettsforvaltning
  • Fylkesmannen

– NAV-saka er svært alvorleg, og det er viktig med effektive tiltak for å rydde opp, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

– Fleire har truleg vorte uriktig straffedømd som følge av den feilaktige utøvinga av trygderegelverket. Det er viktig å sette Den høgare påtalemyndighet og Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker i stand til å handtere sakene for å sikre at feila kan rettast opp så raskt som mogleg, seier Mæland

Regjeringa forventer at Statens sivilrettsforvaltning vil få fleire saker om erstatning etter straffeforfølging. Det blei i desember 2019 også etablert eit særleg rettshjelptiltak for dei som feilaktig har fått avslått, stansa eller tilbakebetalt ytingane. Det er naudsynt å auke løyvingane til Statens sivilrettsforvaltning og Fylkesmannen for å handtere sakene.

Til toppen