Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

100 millionar ekstra til klimainvesteringar

Regjeringa foreslår å auke kapitaltilførsla til Nysnø Klimainvesteringer AS med 100 millionar kroner. Samla kapitaltilførsel i 2019 blir 500 millionar kroner.

– Dette vil gjere det mogleg for Nysnø å auke investeringane i selskap som utviklar klimavenlege produkt og tenester. Forventninga er at Nysnø vil forvalte pengane slik at vi får god avkasting, positiv klimaeffekt og fleire grøne arbeidsplassar i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Verda vil ha fleire berekraftige lav- og nullutsleppsløysingar. Det ligg store moglegheiter i å kommersialisere klimavenleg teknologi. Nysnø skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar saman med private investorar. Nysnø skal investere i unoterte selskap, og/eller fond retta mot unoterte selskap.

Nysnø blei stifta i desember 2017, som Fornybar AS, og er lokalisert i Stavanger. Kapitalen i selskapet skal byggast opp over tid. Nysnø er førebels tilført 625 millionar kroner, og med 100 millionar kroner ekstra i 2019, vil tilført kapital auke til 725 millionar kroner.

Til toppen