105 millionar til 15 innovasjonsprosjekt

Teknologiutvikling og ny kunnskap er avgjerande for omstilling og auka konkurransekraft i landbruket. I den samanheng er det over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet innvilga til saman 105 millionar til 15 nye og innovative prosjekt i mat- og skogsektoren.

Landbruket har fleire ordningar som skal utvikle ny kunnskap og teknologi til sektoren. Dei viktigaste er forskingsprogrammet Bionær i Noregs forskingsråd, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og ordninga med midlar til forsking over jordbruksavtalen. Det er desse tre ordningane som har innvilga midlar til dei 15 innovasjonsprosjekta. Samtlige prosjekt vil bli eigd av verksemda og gjennomført saman med ulike forskingsmiljø. 

Regjeringsplattforma peikar på kunnskap, forsking, innovasjon og teknologiutvikling som heilt sentralt for å skape nye, grøne arbeidsplassar i eit berekraftig velferdssamfunn. Både landbruket og dei landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa har ei sentral rolle i ei slik omstilling. 

− Eit viktig fortrinn i norsk landbruk er den tette og gode samhandlinga mellom forsking, rådgjeving og næring. Desse 15 prosjekta er gode døme på korleis forskingsmiljøa arbeider med å støtte opp under kunnskapsbehova til bonden og industrien. Eg ønskjer verksemdene lykke til med innovasjonsprosjekta som no er innvilga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Avlsarbeid i verdsklasse

Noreg har konkurransefortrinn gjennom avlsarbeid i verdsklasse. Selskapet NORSVIN på Hamar satsar offensivt på forsking og har fått innvilga fire innovative prosjekt på nærare 28 millionar kroner. Eit anna Hamarselskap, SpermVital AS, har motteke 8,3 millionar kroner til å vidareutvikle teknologi for meir effektiv befruktning av storfe. Prosjektet kan gje føretaket betydeleg marknadspotensial internasjonalt. 

Auka norsk produksjon av frukt og grønt

Det er potensial for auka produksjon av solbær, stikkelsbær og rips over heile landet, både som råvare til industrien, og til friskkonsum. Selskapet Sagaplant AS i Sauherad i Telemark har fått 4 millionar kroner i støtte til å utvikle klimatilpassa sortar av desse bæra. 

O. Espedal Handelsgartneri på Lierstranda i Buskerud har motteke 6 millionar kroner til eit prosjekt for å førebyggje bladrandskade. Det er anslagsvis 15-20 prosent svinn i veksthusprodusert crispisalat årleg grunna bladrandskade. Førebygging av problemet vil kunne gje resultatforbetring for salatprodusentar. 

Produksjon av norske eple har vore redusert dei siste 10 åra. Det ynskjer eit prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt AS å gjere noko med. Med 9,5 millionar kroner i støtte vil verksemda stimulere til auka produksjon av eple med god kvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvenleg måte, som igjen vil kunne bidra til betra lønsemd for bonden. 

Føretaket Fruktgården AS i Svelvik har dei siste åra satsa stort på mellom anna plommer og søtkirsebær. Saman med forskingsmiljø i fleire land vil føretaket forske på betre trehelse med sikte på betre agronomi og eit løft i sjukdomshandtering blant fruktdyrkarar. 

Nye produkt frå treindustrien

Hunton Fiber AS får ca. 10 millionar kroner til eit prosjekt som tek føre seg det å skulle omdanne sagbruksflis til nye trefiberbaserte byggprodukt ved hjelp av luftformingsteknologi. Ein viktig del av prosjektet går ut på å utvikle eit høgverdig, fleirfunksjonelt byggprodukt for større bygningar. Det skal gje rask og kostnadseffektiv konstruksjon samanlikna med konvensjonelle produkt. Det skal også utviklast produkt som er egna for veggkonstruksjonar i mindre bygningar med stenderverk. Vidare skal det utviklast eit alternativt bindemiddel for trefiber. 

Prosjekt i matindustrien og jordbruket

Bioco AS, som er etablert av Felleskjøpet Agri og Nortura, arbeider med prosessering og sal av biprodukt frå storfe og fjærfe, mellom anna protein. Føretaket har fått innvilga 5,2 millionar kroner til vidare forsking på dette området. 

Slakteriet Fatland Jæren AS i Sandnes har fått 5 millionar kroner til prosjektet "Saken er biff". Satsinga skal definere, utvikle og demonstrere Fatlandsgruppen sin framtidige storfekjøttproduksjon. Prosjektet skal mellom anna synleggjere moglegheitene  råvareprodusentane har ved å levere den kvaliteten som er etterpurt i marknaden. 

Nortura har fått innvilga 7,3 millionar kroner til eit prosjekt knytt til det å auke verdien av produkt laga av egg. Satsinga OPTIegg tek sikte på optimal utnytting av heile egget som råvare inn mot industrien, samt betydinga egg og eggprodukt kan ha inn mot folkehelsa. 

Tommen Gramm AS i Trondheim sel plast- og pappemballasje til næringsmiddelindustrien. For å sikre trygg emballasje har verksemda motteke 2,4 millionar kroner. 

Tine SAskali prosjektet «Future farm: Morgondagens digitale løysningar for bonden» utvikle løysingar for å forbetre produktiviteten i landbruket ved hjelp av sensorar og datadriven innsikt langs heile verdikjeda. Prosjektet vert støtta med om lag 11 millionar kroner.

Til toppen