Historisk arkiv

10-årsmarkeringa for 22. juli: Akkreditering for presse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Torsdag 22. juli skal det markerast at det er 10 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya, der 77 menneske vart drepne. Det blir nasjonale minnemarkeringar både i Oslo og Hole.

Presse som ønskjer å dekke markeringane må akkreditere seg. Frist for akkreditering er 15. juli. Akkrediteringa gir tilgang til dei ulike markeringane der det er plass og der det er lagt til rette for at presse kan vere til stades.

Akkreditert presse vil få tilsendt meir detaljert informasjon om dei ulike markeringane, inkludert informasjon om koronasertifikat og testkrav. Akkreditert presse må ha med pressekort og gyldig ID.

Slik blir presseopplegget på dei enkelte markeringane 22. juli:

Kl. 09.00-09.50: Markering i regjeringskvartalet

Det vil bli definert eit eige område for presse i regjeringskvartalet, men på grunn av koronasituasjonen og pågåande byggearbeid er det avgrensa kor mykje presse det er plass til. Ved stor pågang kan det difor bli aktuelt å be presse om å følgje markeringa digitalt.

Når markeringa er ferdig, om lag kl. 09.50, vil det vere mogleg for pressa å gjennomføre avtalte intervju. Dei som skal intervjuast vil då bevege seg bort til presseområdet.

Stillfoto:
NTB er pool-fotograf. Det betyr at det kun er NTBs fotograf som kan jobbe fritt mens markeringa går føre seg.

NTB kan kontaktast på e-post ntb.fotodesk@ntb.no og telefon +47 22 00 32 64.

Levande bilde:
TV-signal frå markeringa vil vere tilgjengeleg som ein pool-produksjon frå Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Markeringa kan også følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medium som ønskjer å sende markeringa direkte.

DSS kan kontaktast på telefon +47 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.


Kl. 11.00-12.00: Gudsteneste i Oslo domkyrkje

Stillfoto:
NTB er pool-fotograf. NTB kan kontaktast på e-post ntb.fotodesk@ntb.no og telefon +47 22 00 32 64.

Levande bilde:
TV-signal frå gudstenesta vil vere tilgjengeleg frå NRK (pool). NRK vil tilby pool-signalet via EBU. Kontaktperson i NRK er Marit Moi, e-post marit.moi@nrk.no, telefon +47 95 93 73 47.

Det vil bli definert eigne område for presse utanfor domkyrkja. Når gudstenesta er ferdig, om lag kl. 12.00, vil det vere mogleg for pressa å gjennomføre avtalte intervju.


Kl. 13.00-14.00: Gudsteneste i Hole kyrkje

Stillfoto:
NTB er pool-fotograf. NTB kan kontaktast på e-post ntb.fotodesk@ntb.no og telefon: +47 22 00 32 64.

Det vil bli definert eit eige område for presse på utsida av kyrkja. Når gudstenesta er ferdig, om lag kl. 14.00, vil det vere mogleg for pressa å gjennomføre avtalte intervju i dette området.


Kl. 15.00-16.15: Markering på Utøya

Det er kun NRK, TV2 og NTB som kan vere på Utøya. Øvrig presse har ikkje tilgang til øya.

Stillfoto:
NTB er pool-fotograf. NTB kan kontaktast på e-post ntb.fotodesk@ntb.no og telefon: +47 22 00 32 64.

Levande bilde:
NRK/TV2 leverer pool-signal frå Utøya. NRK vil tilby pool-signalet via EBU.


Kl. 19.55-21.30: Nasjonalt minnearrangement i Oslo Spektrum

Levande bilde:
NRK produserer minnearrangementet for tv (pool). NRK vil tilby pool-signalet via EBU. Kontaktperson i NRK er Marit Moi, e-post marit.moi@nrk.no, telefon 95 93 73 47.

Stillfoto:
NTB er pool-fotograf inne i salen. NTB kan kontaktast på e-post ntb.fotodesk@ntb.no og telefon +47 22 00 32 64.

Akkreditert presse vil få tilgang til eit eige intervjuområde. Der kan avtalte intervju gjennomførast, i hovudsak etter at minnearrangementet er ferdig.  

 

Pressekontaktar

Pressekontakt i Den nasjonale støttegruppen etter 22. juli er Miriam Einangshaug, e-post mirieinang@gmail.com, telefon 97 43 13 11.

Pressekontakt i AUF er Sandra Edith Kalland Tenud, e-post sandra@auf.no, telefon 99 28 69 55.

Pressekontakt på Statsministerens kontor er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, e-post asa@smk.dep.no, telefon 93 05 14 58.