Historisk arkiv

12 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune etter flaum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Uveret i sommar gjorde store skadar i Sogn og Fjordane, og spesielt i Jølster. − Vi gir no tilskot til fylkeskommunen for å byggje opp att fylkesvegar og bruer, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet betaler ut 12 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune, til utbetring av fylkevegnettet etter uveret og flaumen.

 

Styrtregn og uver i juli i år førte til ein dramatisk flaum i Sogn og Fjordane. Jølster vart særskilt hardt råka. Lokalt kraftig regn førte til at elvar og bekkar voks kraftig på kort tid, og tok med seg stein, lausmassar og vegetasjon. Nedbørsmengdene førte til mange jordskred, flaum og stengde vegar, og evakuering av innbyggjarar og reisande.

Tidlegare i haust fekk Jølster kommune nesten 30 millionar kroner for å reparere kommunal infrastruktur etter uveret.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00