Historisk arkiv

132,4 millionar kroner til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

– Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige møteplassar for fellesskap, engasjement og deltaking i demokratiet. Eg er svært glad for at vi i år støttar barne- og ungdomsorganisasjonane med over 132 millionar kroner, noko som er eit rekordstort beløp, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Totalt 132,4 millionar kroner løyvast gjennom den nasjonale grunnstøtta. Dette er ein auke på om lag 12 millionar samanlikna med 2017.  Støtta får dei for å gje barn og ungdom høve til å delta i organisasjonane. Så langt er nesten 127 millionar utdelt til 90 forskjellige organisasjonar. I tillegg skal det delast ut over fire millionar kroner i internasjonal grunnstøtte.

– Regjeringa ynskjer å legge til rette for bredde og mangfald i frivilligheita. Nokre barn og unge har vanskar med å delta, til dømes grunna dårleg økonomi eller funksjonshemmingar. Mange av dei vi gjev grunnstøtte brukar denne på å inkludere barn og ungdom som elles kunne hamna utanfor, seier Linda Hofstad Helleland.

Grunnstøtteordninga skal legge til rette for barn og ungdoms deltaking, og stimulere til engasjement og medansvar. Organisasjonane skal også sikrast som arena for medbestemmelse og demokrati.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane er skular i demokrati og har motteke stønad sidan etterkrigstida. Organisasjonane er òg ein viktig arena for inkludering, understrekar barne- og likestillingsministeren.

I tillegg tar paraplyorganisasjonane LNU, Ungdom & Fritid og Unge funksjonshemmede imot totalt 15,6 millionar kroner i driftsstøtte.