Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

1,4 milliardar kroner til auka kvalitet i skulen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa held fram med å satse på auka kvalitet i skulen og foreslår å løyve 1,4 milliardar kroner til å gjennomføre Kunnskapsløftet i 2007.

Pressemelding

Nr.: 65-06
Dato: 6.oktober

1,4 milliardar kroner til auka kvalitet i skulen

Regjeringa held fram med å satse på auka kvalitet i skulen og foreslår å løyve 1,4 milliardar kroner til å gjennomføre Kunnskapsløftet i 2007. Hovudområda i forslaget er kompetanseutvikling for lærarane og nye læremiddel i grunnskulen.

Regjeringa legg vekt på at gode lærarar er den viktigaste føresetnaden for at elevane skal lære, og foreslår derfor at skuleeigarane får 375 millionar kroner til kompetanseutvikling for lærarar og andre tilsette neste år.

I tillegg til desse midlane kjem andre kvalitetsutviklingstiltak på 295 millionar kroner, slik at det i alt skal brukast om lag 670 millionar kroner til kvalitets- og kompetanseutviklingstiltak i samband med Kunnskapsløftet i 2007. Vidare kjem dei auka løyvingane til kommunane på 2,2 milliardar kroner til å styrkje skulane endå meir.

Kunnskapsløftet inneber nye læreplanar i alle fag, og læremidla må derfor skiftast ut raskare enn normalt. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre ekstraløyvinga på 400 millionar kroner innanfor rammetilskotet til kommunane som kompensasjon for auka utgifter knytte til læremiddelutskiftinga.

Løyvingane gjer det lettare for skuleeigarane å følgje opp måla for reforma. Kunnskapsløftet skal bidra til at elevane får auka fagleg kunnskap, og til at dei tileignar seg grunnleggjande dugleik og kompetanse som gjer dei godt rusta til å ta aktivt del i kunnskapssamfunnet.

Vidare er det sett av om lag 300 millionar kroner til evaluering og dokumentasjon i samband med reforma, læreplanutvikling og tiltak for å betre læringsmiljøet.

Hausten 2006 har 1.–9. trinnet i grunnskulen og 1. trinnet i den vidaregåande opplæringa (Vg1) teke i bruk dei nye læreplanane for Kunnskapsløftet. Innføringa held fram med 10. trinnet i grunnskulen og Vg2 hausten 2007 og skal fullførast hausten 2008 med nye læreplanar for Vg3.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kjersti Flåthen, telefon 22 24 71 52

Til toppen