Historisk arkiv

1,6 millionar kroner til rulleskianlegg på Rennebu Skistadion

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Rennebu Idrettslag har fått 1 610 000 kroner frå Kulturdepartementet sitt anleggspolitiske program til bygging av eit rulleskianlegg på Rennebu Skistadion.

- Rulleskianlegget på Berkåk vil få trening på rulleski bort frå trafikkerte vegar. Anlegget ligg i eit viktig aktivitetsområde og vil óg vere eit tilbod til turgåarar, syklistar, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Rulleskianlegg er eit prioritert område i det anleggspolitiske programmet for perioden 2014 – 2017. Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert fordelt av overskotet i Norsk Tipping AS.

Søknaden frå Rennebu IL ski og skiskyttergruppe er anbefalt av Norges Skiforbund og Norges Skiskytterforbund.