Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

16 millionar meir til film

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 foreslår regjeringa å auke løyvinga til filmfondet med 16 millionar kroner. Dermed opphevar regjeringa kuttet i budsjettforliket for 2018.

- Det har vore viktig for meg å få reversert det kuttet som blei lagt inn i statsbudsjettet for 2018. Med denne løyvinga vil Filmfondet vere på eit historisk høgt nivå, noko som gir eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle det audiovisuelle feltet, seier kulturminister Trine Skei Grande.

I 2018 skal Noreg vere fokusland på European Film Market i 2019, under filmfestivalen i Berlin. I 2019 skal Noreg òg vere gjesteland på bokmessa i Frankfurt og partnarland på verdas største jazzmesse i Bremen, noko som gir unike høve til å promotere norsk film, litteratur, kunst og kultur. Pengane som blir lagt inn i samband med revidert nasjonalbudsjett skal dels bli brukte til førebuingar til Berlinalen neste år.