1700 færre heilt arbeidslause

– Talet på arbeidssøkarar har gått kraftig ned det siste året og arbeidsløysa er på same nivå som før oljebremsen, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ein kommentar til nye tal for registrerte arbeidslause hjå Arbeids- og velferdsetaten.

Nærbilde av hender som jobber med kretskort til en pc
Arbeidsløysa i november 2017 har gått mest ned for personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag (minus 34 prosent). Foto: Colourbox

Nedgangen i registrert arbeidsløyse det siste året har vore særleg sterk dei siste to månadane. Det blir færre arbeidslause i fylka og yrka som opplevde den største auka etter oljeprisfallet i 2014. Rogaland har den største nedgangen i talet på arbeidslause (minus 32 prosent) og arbeidsløysa har gått mest ned for personar med bakgrunn frå ingeniør- og ikt-fag (minus 34 prosent). 

– Det blir færre arbeidslause og fleire i jobb. Vi skal brette opp erma for at enda fleire av dei som står på utsida kjem inn i arbeidslivet igjen. Vi treng så mange som mogeleg i jobb framover, seier statsråden. 

Fakta om arbeidsløysa i november 2017

  • Ved utgangen av november var det registrert 64 216 heilt ledige arbeidssøkarar. Det er 14 000 færre enn på samme tid i fjor.
  • I tillegg var det 20 502 arbeidssøkarar på tiltak.
  • Talet på heilt ledige målt som del av arbeidsstyrken og justert for normale sesongvariasjonar var i november 2,4 prosent. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn i forrige månad og 0,5 prosentpoeng lågare enn på same tid i fjor.