1,8 millionar kroner til arrangement for personar med funksjonsnedsetting

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi må bygge ned barrierane slik at alle, også folk med funksjonsnedsettingar, kan få oppleve fellesskapet og gleda som idretten gir. Difor gir vi no pengar til fem arrangement som leverer på nettopp dette, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

1,8 millionar kroner blir fordelt slik at personar med funksjonsnedsettingar kan delta på arrangement for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv på same vis som funksjonsfriske.

– Desse arrangementa gjer ein skikkeleg innsats for fellesskapen og er både inspirerande og inkluderande, og fleire har både funksjonsfriske deltakarar og deltakarar med funksjonsnedsetting. Den støtta regjeringa no gir er eit viktig bidrag til aktivitet, mangfald og glede, seier Trettebergstuen.

Arrangement som får tilskot:

Friidrettsfestival, Moelven – 300 000 kroner

Barnas idrettsdag, Bodø – 200 000 kroner

Spenningskurset på Bjorli – 285 000 kroner

Landsstemne i symjing for utviklingshemma – 325 000 kroner

TelemarksVeka – 750 000 kroner