18 millionar kroner til samarbeid om aktivitetar for barn og unge

I dag blir 18 millionar kroner delte ut til nye tiltak for koordinering av samarbeid mellom tenester og utprøving av arbeidsmodellar. Totalt har regjeringa løyvd 370 millionar kroner til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge i 2021.

Ordninga, som blei styrkt med 46,5 millionar kroner i 2021, skal bidra til å gje barn og unge høve til å vere med på ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta til foreldra.

– For å auke aktivitetar for barn og unge veit vi at samarbeid mellom tenester og samarbeid mellom kommune, frivilligheit og private er naudsynt. Eg er glad for at så mange har søkt om å betre samarbeidet for at barn kan bli inkluderte i eit fellesskap, skape vennskap og oppleve meistring, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

For tilskotsåret 2021 blei regelverket endra, slik at det er opna for to nye typar tiltak:

  • utprøving av metodar/arbeidsmodellar
  • koordinering av samarbeidet mellom tenester, og tilrettelegging og organisering av samarbeidet mellom kommunen, frivillig og privat sektor

Føremålet med endringane er å stimulere til nye arbeidsmetodar for å inkludere barn og unge i låginntektsfamiliar, styrkje samarbeidet mellom offentleg, frivillig og privat sektor, og leggje til rette for betre koordinering av innsatsen i kommunane.

13 millionar er fordelte til utprøving av metodar og modellar, og 5 millionar til betre samarbeid i kommunane.

– Dei frivillige, kommunar og private aktørar gjer ein utruleg viktig jobb for mange barn og unge. Eg er imponert over den innsatsen dei har gjort det siste året med å tilpasse aktivitetane til gjeldande smittevernreglar, seier Ropstad.

Her er nokre av tiltaka som får tilskot i denne siste runden:

  • Nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og ungeNDFUALLEMED – realisering av måla i fritidserklæringa på tvers av kommune, frivilligheit og næringsliv
  • BevisstUng – erfaringskonsulentar ­– eit bindande ledd mellom skule, heim og fritid
  • Håkkihoder – ein modell for tettare samarbeid mellom skule, idrettslag og frivilligheit som aukar deltakinga i aktivitetstilbod
  • Norges Frivilligsentraler – arbeidsmetoden Aktive saman
  • Fritidskoordinator (m.a. Nordre Follo, Porsgrunn og Sarpsborg kommunar)

Du finn heile oversikta på nettsidene til Bufdir.