Historisk arkiv

18 millionar kroner til Sogn og Fjordane etter flaumen i 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Kommunar og fylkeskommunar skal ikkje stå aleine når naturkatastrofer råkar. Storsamfunnet tek derfor ein del av rekninga etter flaumen på Vestlandet hausten 2014, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet betaler ut nesten 18,2 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune etter flaumen i fjor haust Kraftig regnvêr over fleire dagar førde til flaum fleire stader på Vestlandet i oktober 2014. Mykje av arbeidet med reparasjonar og opprydding er gjennomført, men ein del står att og vil bli utført i 2016.

Departementet har no fått inn kvalitetssikra kostnadsoverslag, og har vedteke å dekkje halvparten av kostnadene til fylkeskommunen.

Flaumråka kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland har tidlegare fått utbetalt store beløp av departementet. Med utbetalinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune har departementet betalt ut til saman 176 millionar kroner som følje av skadar etter flaumen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00