Revidert nasjonalbudsjett

18 millionar til X Games 2019

Regjeringa gjer framlegg om å tildele 3 millionar kroner til X Games 2019 i revidert nasjonalbudsjett i tillegg til ei tilsegn på 15 millionar kroner.

Gruppebilete foran X Games arenaen på Fornebu
Frå venstre: Mons Røisland, Trine Skei Grande, Johanne Killi og Tiril Sjåstad Christiansen. Foto: Elisabeth Fjørtoft / Kulturdepartementet

– X Games femner breitt og appellerer både til dei som driv med eigenorganisert aktivitet og til organiserte idrettsmiljø. Slik skapar arrangementet ny rekruttering til idrett. Regjeringa ønsker å sikre gode rammevilkår for den organiserte og eigenorganiserte idretten, særleg den som rettar seg mot barn og unge, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Ski-, snøbrett- og skateboardarrangementet har mottatt særskilt statleg tilskot dei to siste åra.

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 blir det difor gjort framlegg om 3 millionar kroner som generell driftsstøtte til X Games 2019. Føresetnaden for utbetaling av dei resterande 15 millionar kronene er at det ligg føre ei tilfredstillande løysing for dopingarbeidet som er godkjent av Antidoping Norge, samt fullfinansiering av arrangementet.