Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

180 millionar kroner til nye læremiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Frå hausten 2020 vart det innført nye læreplanar i skulen. Regjeringa gjer framlegg om 180 millionar til læremiddel i 2021 i samband med dei nye læreplanane. Regjeringa gjer òg framlegg om 80 millionar kroner til digital undervisning,

– Dei nye læreplanane fornyar innhaldet i skulen, og skapar meir rom for djupnelæring. Fagfornyinga er eit arbeid med mykje entusiasme. Difor vil vi bidra til at kommunane får pengar til innkjøp av nye læremiddel, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Slik er dei 180 millionar kronene til læremiddel er fordelt:

  • 100 millionar kroner til kommunane.
  • 50 millionar kroner til innkjøp av nye digitale læremiddel gjennom Den teknologiske skolesekken.
  • 15 millionar kroner til utvikling av læremiddel i smale fag der det ikkje er kommersiell føresetnad for utvikling.
  • 15 millionar kroner til utvikling av læremiddel på samisk. Pengane blir tildelt Sametinget.

Støtte til digital undervisning

Regjeringas digitaliseringsstrategi er tett kopla til fagfornyinga. Tiltak for å auke den digitale kompetansen for lærarar, programmering og innkjøp av digitale læremiddel skal støtte innføringa av dei nye læreplanane.

Våren 2020 blei det løyvd 80 millionar kroner til tiltak i kommunar, fylkeskommunar og friskular som hadde utfordringar med overgangen til digital undervisning då skulane ble stengde på grunn av koronaviruset i vår.

Regjeringa føreslår no å vidareføre dei 80 millionar kroner til dette i 2021. Pengane kjem mellom anna til nytte viss det kjem nye smitteutbrot, og dei vil bidra til å utjamne digitale skilnader i skulen.