Statsbudsjettet 2017:

19,6 millionar kroner til dei store byområda

– Byområda våre veks raskt. Vi må planlegge bustader, veg og kollektivtransport slik at vi får bærekraftige byar der det er godt å bu, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår derfor å løyve 19,6 millionar kroner til forpliktande byutviklingsavtaler mellom staten og dei fire største byområda.

Målsettinga er nullvekst i personbiltransporten. Da må kollektiv, sykkel og gange ta unna transportveksten, og bustader og arbeidsplassar må lokaliserast nær kollektivknutepunkt og kollektivaksar.

Arbeidet med byutviklingsavtaler har starta opp med dei fire største byane. Frå 2017 skal ordninga med tilskot til plansatsing i dei store byområda rettast inn mot arbeidet med å utvikle og gjennomføre byutviklingsavtaler. I forslaget til statsbudsjett for 2017 er det sett av 19,6 millionar kroner til dette utviklingsarbeidet. Det blir lagt opp til at ordninga førast vidare ut 2020 og det kan bli aktuelt å inngå byutviklingsavtaler med andre store byregionar.

– Regjeringa vil bidra til å få bygd tilstrekkeleg med bustader i kollektivknutepunkta i og rundt dei største byane. Dette er middel som vil kunne brukast til samarbeid om å utvikle og realisere gode knutepunkt med høg kvalitet. På denne måten legg regjeringa til rette for auka samfunnsnytte og eit godt og forpliktande samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar, seier kommunal- og moderniseringsministar Jan Tore Sanner.

Både fylkeskommunar og kommunar i dei fire største byområda kan søkje om midlar. Det er særleg viktig å få utløyst tiltak i kommunane rundt dei fire største byane. Tiltak i desse kommunane er avgjerande for å nå nullvekstmålet for personbiltransport i dei største byområda.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00