Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

2 954 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Viken og Viken fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

3001 Halden

1 814 187

50 709

2,9

3002 Moss

2 790 366

91 084

3,4

3003 Sarpsborg

3 307 820

111 980

3,5

3004 Fredrikstad

4 636 724

155 186

3,5

3005 Drammen

5 888 770

179 494

3,1

3006 Kongsberg

1 594 799

49 028

3,2

3007 Ringerike

1 725 361

46 266

2,8

3011 Hvaler

273 876

7 796

2,9

3012 Aremark

99 316

1 426

1,5

3012 Marker

223 803

6 296

2,9

3014 Indre Østfold

1 726 238

55 330

3,3

3015 Skiptvet

228 553

4 583

2,0

3016 Rakkestad

509 973

11 819

2,4

3017 Råde

436 234

15 165

3,6

3018 Våler

335 879

17 028

5,3

3019 Vestby

1 032 345

27 057

2,7

3020 Nordre Follo

3 578 890

127 361

3,7

3021 Ås

1 118 474

37 417

3,5

3022 Frogn

915 005

24 617

2,8

3023 Nesodden

1 122 603

34 674

3,2

3024 Bærum

8 716 226

306 199

3,6

3025 Asker

5 941 892

192 339

3,3

3026 Aurskog-Høland

1 015 554

33 141

3,4

3027 Rælingen

1 054 437

44 870

4,4

3028 Enebakk

624 969

20 874

3,5

3029 Lørenskog

2 344 733

91 403

4,1

3030 Lillestrøm

4 927 889

173 805

3,7

3031 Nittedal

1 411 267

47 706

3,5

3032 Gjerdrum

406 571

7 954

2,0

3033 Ullensaker

2 266 657

119 403

5,6

3034 Nes

1 281 000

39 089

3,1

3035 Eidsvoll

1 437 269

51 680

3,7

3036 Nannestad

788 981

30 984

4,1

3037 Hurdal

183 483

3 331

1,8

3038 Hole

422 186

10 396

2,5

3039 Flå

85 956

1 379

1,6

3040 Nesbyen

218 989

6 941

3,3

3041 Gol

299 189

5 921

2,0

3042 Hemsedal

168 387

3 471

2,1

3043 Ål

305 484

5 473

1,8

3044 Hol

287 946

6 713

2,4

3045 Sigdal

231 124

5 488

2,4

3046 Krødsherad

161 893

5 542

3,5

3037 Modum

820 577

28 822

3,6

3048 Øvre Eiker

1 111 856

40 902

3,8

3049 Lier

1 585 593

48 721

3,2

3050 Flesberg

182 873

5 908

3,3

3051 Rollag

112 743

1 356

1,2

3052 Nore og Uvdal

182 705

4 326

2,4

3053 Jevnaker

393 207

14 842

3,9

3054 Lunner

522 643

17 474

3,5

Til fordeling gjennom året

40 400

 

 

Viken

72 893 892

2 448 664

3,5

       

Viken fylkeskommune

14 003 850

505 562

3,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.