Historisk arkiv

2 millionar kroner til pilotprosjekt og innovasjon på kulturområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gir 2 millionar kroner til pilotprosjekt på kulturområdet for å teste nye forretnings- og formidlingsmodellar.

Digitaliseringa og globaliseringa av kunst- og kultursektoren utfordrar etablerte strukturar og forretningsmodellar. Terskelen for å produsere og lansere nye produkt og tenester har blitt lågare, men samstundes er konkurransen større enn nokon gong før. 

Utvikling og testing av nye forretningsmodellar kan vere kostnadskrevjande og risikofylt, særleg når publikum endrar vanar i høgt tempo. Dette var grunnen til at Kulturdepartementet våren 2016 utlyste 2 millionar kroner til pilotprosjekt på kulturområdet som testar nye forretnings- og formidlingsmodellar. 

- Formålet med tilskotet er å fremje tilgang til kunst og kultur, bidra til ny kunnskap og erfaring og auke inntektene i dei kulturelle og kreative bransjane i Noreg, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

- Vi har mottatt heile 35 søknadar om 45,5 millionar kroner i tilskot. Mange aktørar ser potensial i den digitale marknaden og det pågår mye spanande utviklingsarbeid rundt om i landet. Med prosjektmidlane vil Kulturdepartementet bidra til å setje søkjelys på og forsterke dette arbeidet, sier Helleland.

Nettkino får eit tilskot på 1,9 millionar kroner for å teste om ein ny forretningsmodell kan bidra til at den norske kinofilmen når eit større publikum samstundes som ein  aukar inntektene. Prosjektet har som mål å løyse utfordringa der kinofilmar i periodar verken er tilgjengeleg på kino eller andre visningsplattformer. Norske titlar skal prioriterast i gjennomføringa av pilotprosjektet.

Den norske Forfatterforening får 96 000 kroner til eit pilotprosjekt for å kunne tilby fleire norske titlar som lydbøker, og utnytte forretningspotensialet som ligg i dei ubrukte lydbokrettane til forfattarane.