Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

200 millionar kroner i auka tilskot til museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil med dette stimulere til aktivitet, publikumstilbod og sikre at dei tilsette ved institusjonane kan vere i arbeid. 140 millionar kroner skal gå til institusjonar på musikk og scenekunstområdet, og 60 millionar til musea.

– Desse institusjonane er viktige for heile kultur-Noreg og tilskota vil bidra til å gje publikum over heile landet eit stabilt kulturtilbod i ei vanskeleg tid. Eg er veldig glad for at vi no får auka tilskota til museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar med 200 millionar kroner for det første halvåret i 2021, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Dei offentleg finansierte musea og musikk- og scenekunstinstitusjonane er ein viktig del av den kulturelle infrastrukturen. Mange av desse institusjonane er avhengig av eigne inntekter for å kunne drive på ein forsvarleg måte og gje eit godt tilbod til publikum.

Avgrensingane som følgje av utbrotet av covid-19 gjer det vanskeleg for institusjonane å generere eigne inntekter. Samtidig fell mange av dei utanfor øvrige stimuleringsordningar fordi dei får ein så stor del av inntektene sine som offentlege tilskot.

Regjeringa aukar derfor tilskota til musea og musikk- og scenekunstinstitusjonane med til saman 200 millionar kroner for første halvår 2021. Målet er å stimulere til aktivitet, og å sikre at dei tilsette ved institusjonane kan vere i arbeid.