Statsbudsjettet 2017:

200 millionar kroner ekstra til opprusting av fylkesvegane

– Gode vegar er viktig for at folk skal komme trygt fram og for at varer skal komme raskt til norske og utanlandske marknader. Dette er særskilt viktig for å styrke verdiskapinga i distrikts-Noreg. Difor legg vi no til rette for fornying og opprusting av fylkesvegar i heile landet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til opprusting og fornying av fylkesvegane med 200 millionar kroner i 2017, og samla løyving til dette formålet er med det oppe i over 1,4 milliardar kroner. Løyvinga blir gitt over rammetilskotet til fylkeskommunane.

– Desse midlane er eit viktig bidrag til å ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og gje betre vilkår for distriktsnæringar i heile landet, seier Jan Tore Sanner.

Midlane vil som tidlegare bli fordelt mellom fylkeskommunane på bakgrunn av ei kartlegging av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet.

Frå 2013 til 2016 blei denne løyvinga til fylkesvegar auka med 1,2 milliardar kroner. Regjeringa foreslår å føre ordninga vidare og trappe den opp med ytterlegare 200 millionar kroner i 2017.

Løyvingar til opprusting og fornying av fylkesvegnettet:

FylkeLøyving i 2017
(1000 kr)
Samla løyving 2014-2017,
prisjustert til 2017-kroner
(1000 kr)
     
Østfold 31 901 101 571
Akershus 30 358 96 659
Oslo 5 231 16 656
Hedmark 49 141 156 462
Oppland 38 591 122 869
Buskerud 83 872 282 416
Vestfold 24 443 77 825
Telemark 77 440 246 563
Aust-Agder 38 336 122 058
Vest-Agder 65 604 208 879
Rogaland 62 262 198 238
Hordaland 166 453 529 974
Sogn og Fjordane 102 913 327 665
Møre og Romsdal 143 304 456 267
Sør-Trøndelag 60 461 192 502
Nord-Trøndelag 37 562 119 593
Nordland 201 447 641 391
Troms 150 507 479 201
Finnmark 50 428 160 559
Landet 1 420 254 4 537 348

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00