Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2018:

200 millionar kroner i regionsentertilskot til kommunar som slår seg saman

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Auka tilskot til regionsentra gjev grunnlag for å byggje opp attraktive nye kommunar, som kan gi gode tenester til innbyggjarane. Pengane kan nyttast til fellestiltak i den nye kommunen, seier kommunalminister Jan Tore Sanner. Regjeringa føreslår å auke regionsentertilskotet til 200 millionar kroner i 2018. Tilskotet går til kommunar som etter samanslåinga vil utgjere eit sterkare tyngdepunkt i sin region.

I 2017 vart regionsentertilskotet innført som eit nytt tilskot innanfor rammetilskotet til kommunane. I 2018 aukar regjeringa regionsentertilskotet frå 100 til 200 millionar kroner. Opptrappinga er ei oppfølging av avtalen med Venstre om nytt inntektssystem.

Tilskotet skal gå til mellomstore kommunar, som etter samanslåinga får meir enn om lag 8.000 innbyggjarar. Kommunar som mottar storbytilskot får ikkje regionsentertilskot.

Regionsentertilskotet blir fordelt til dei nye kommunane med ein sats per samanslåing og ein sats per innbyggjar. Som i 2017, blir tilskotet utbetalt til den einskilde kommune i samanslåinga, men midla bør nyttast til fellestiltak for den nye, samanslåtte kommunen.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.