200 millionar kroner meir til Vestfoldbanen i 2014

- For å sikre rasjonell framdrift i arbeidet med nytt dobbeltspor mellom Farriseidet og Porsgrunn, føreslår regjeringa å løyve 200 millionar kroner meir enn planlagt til prosjektet i 2014.

- For å sikre rasjonell framdrift i arbeidet med nytt dobbeltspor mellom Farriseidet og Porsgrunn, føreslår regjeringa å løyve 200 millionar kroner meir enn planlagt til prosjektet i 2014.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Utbyggingsprosjektet Farriseidet-Porsgrunn på Vestfoldbanen er ei av sakene som er omtala i Prop.  97 S (2013-2014) som blir lagt fram for Stortinget i dag.

Strekninga Farriseidet-Porsgrunn er 22,8 km lang og har sju tunnelar. Med det nye dobbeltsporet vil reisetida mellom Larvik og Porsgrunn bli redusert.

Utbygginga er ein del av ei større modernisering av Vestfoldbanen som vil gi kortare reisetid, fleire togavgangar, færre forseinkingar og betre sikkerheit på jernbanen mellom Oslo og Skien.

Arbeidet med nytt dobbeltspor mellom Farriseidet og Porsgrunn er kome lenger enn det som blei lagt til grunn i Prop. 1 S (2013-2014). Med rasjonell framdrift for kontraktar som allereie er inngått, er behovet for midlar i 2014 auka med 200 millionar kroner frå det som er sett av i 2014. Behovet for midlar i 2015 blir tilsvarande redusert.

Det auka behovet for midlar i 2014 blir dekt opp mellom anna ved å omdisponere frå prosjektet Sandnes – Stavanger, Ganddal godsterminal og Steinberg stasjon.

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane