200 nye plassar i varig tilrettelagt arbeid

Regjeringa vil at fleire skal kunne delta i arbeidslivet og foreslår å auke tildelinga til arbeidsmarknadstiltaket varig tilrettelagt arbeid med 22,5 millionar kronar. Det svarer til ein auke på om lag 200 plassar.

– Varig tilrettelagt arbeid er eit viktig tilbod til uføretrygda som både vil og kan yte i arbeidslivet. Med fleire plassar går ventetida ned og fleire får høvet til å delta i arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Varig tilrettelagt arbeid er eit tilbod til uføretrygda med behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Tiltaket tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar i form av tilsetjing i skjerma eller ordinære arbeidsplassar. Deltakarane er fast tilsette, men tar imot uføretrygd i staden for ordinær lønn.

Då regjeringa overtok i 2013 var det 9 200 plassar i varig tilrettelagt arbeid. Tildelinga for 2019 gir rom for å gjennomføre om lag 10 300 tiltaksplassar for varig tilrettelagt arbeid, det vil seie ein auke på 1 100 plassar sidan regjeringa tiltredde. I tillegg kjem om lag 75 plassar gjennom ei forsøksordning med varig tilrettelagt arbeid i kommunane.

Til toppen