Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2013 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2013 vart 116,5 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2013 med 1230,5 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2013 vart 116,5 milliardar kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond auka i 2013 med 1230,5 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.


Statsrekneskapen syner at det oljekorrigerte underskotet vart 0,9 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett, jf. tabell 2 og 4. Ser ein bort frå fullmaktene departementa har til å bruka meirinntekter til auka utgifter, skriv nedgangen i underskotet seg frå andre utgifter som vart 1,2 mrd. kroner lågare enn venta. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 2,0 mrd. kroner lågare enn venta, medan andre inntekter auka med om lag 1,8 mrd. kroner.

Det oljekorrigerte underskotet vart 7,2 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2012. Utgiftene vart 7,8 mrd. kroner lågare enn då lagt til grunn. På inntektssida vart skatte- og avgiftsinntektene 6,9 milliardar kroner lågare, medan andre inntekter vart 6,3 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2013 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2013 no rekna til 117,6 milliardar kroner eller 3,1 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. tabell 1.

Det meste av auken i kapitalen i Statens pensjonsfond er knytt til Statens pensjonsfond utland (SPU). Ved utgangen av 2013 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 5 032 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 168 milliardar kroner, jf. tabell 3.

Tabell 1 Nøkkeltall 2013-budsjettet
(mrd. kroner)

Saldert

Nysaldert

Regnskap

A) Oljekorrigert underskot

123,7

117,3

116,5

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

125,3

118,8

117,6

C) Forventa realavkastning (4 pst)

151,7

153,0

153,0

D) Avstand til 4 pst. banen (B-C)

-26,4

-34,2

-35,4

E) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

3,3

3,1

3,1

F) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

2,4

2,7

2,4

G) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,9

H) Overskot i Statens pensjonsfond

380,1

358,2

358,9

I) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

380,1

358,2

359,8

 

 

Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2013 (mrd. kroner)

Frå saldert
til rekneskap

Frå nysaldert
til rekneskap

Betring av det oljekorrigerte underskotet

7,2

0,9

Netto inntektsendringar

-0,6

3,6

Av dette: Skattar og avgifter

-6,9

-2,0

Inntekt utan renter frå forvaltningsbedriftene

0,2

0,2

Renteinntekt og utbyte utan Statoil

-1,4

-0,1

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

 

3,8

Andre inntekter under departementa

7,5

1,7

Netto utgiftsendringar

-7,8

2,7

Herav Dagpengar

-1,0

0,1

Renteutgifter

-0,6

0,1

Utgifter heimla i meirinntekter

 

3,8

Andre utgiftsendringar (netto)

-6,2

-1,4

 

 


Tabell 3 Statens pensjonsfond 2013
(mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens pensjonsfond Noreg

                  Samla

Netto kontantstraum

345,2

 

345,2

Overført til statsbudsjettet

-117,3

 

-117,3

Renter og utbyte

125,3

5,7

131,1

Overskot

353,1

5,7

358,9

Kapital per 31.12.2012

3 824,5

145,1

3 969,6

Overskot

353,1

5,7

358,9

Valutakursregulering

291,4

-

291,4

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

563,3

16,9

580,2

Kapital per 31.12.2013

5 032,4

167,8

5 200,2

Endra verdi

1 207,9

22,6

1 230,5

 

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett

(mill. kroner)

Saldert budsjett
2013

Nysaldert budsjett
2013

Rekneskap 2013

1.

Statsbudsjettet

     

A

Inntekter i alt

1 314 841

1 289 182

1 291 821

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

401 187

379 731

378 737

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

913 654

909 451

913 084

B

Utgifter i alt

1 065 320

1 059 292

1 063 124

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

28 002

32 502

33 585

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 037 318

1 026 790

1 029 538

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-123 663

-117 340

-116 454

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

123 663

117 340

117 340

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

0

0

885

2.

Statens pensjonsfond

     
 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

373 185

347 229

345 151

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

123 663

117 340

117 340

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

130 600

128 300

131 072

=

Overskot i Statens pensjonsfond

380 122

358 190

358 884

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

     
 

Samla overskot

380 122

358 190

359 769