Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

21 millionar kroner til sykkel-VM i Bergen i 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I revidert nasjonalbudsjett for 2016 foreslår regjeringa ei løyving på 21 millionar kroner til planlegging og førebuingar til sykkel-VM i Bergen i 2017. Dette er i tråd med stortingsvedtak om at Kulturdepartementet kan inngå avtale med arrangøren av sykkel-VM om at staten dekkjer utgifter på inntil 30 millionar kroner. Resten av beløpet skal behandlast i samband med statsbudsjettet for 2017.

- Bergen og Noreg skal hausten 2017 vere vertskap for VM i landevegssykling. Dette er ei stor internasjonal hending som vil fange interessen til millionar av sykkelinteresserte over heile verda. Løyvinga på 21 millionar kroner i 2016 vil sikre framdrift i arbeidet med meisterskapen. Tilskotet i år skal gå til utbetring og sikring av løypene, og arbeid med omlegging av kollektivtrafikken, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Sykkel er ein folkeaktivitet med eit entusiastisk publikum. Vi har stolte tradisjonar i sykkelsporten, flotte representantar for sykkelidretten og mange som er på veg opp. Eg ser  fram til ein spanande meisterskap som vil inspirere og skape stor merksemd om Noreg, seier kulturministeren.