Historisk arkiv

22. juli-senteret opna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

I dag opna 22. juli-senteret i regjeringskvartalet. Senteret huser ei utstilling om terroråtaka 22. juli 2011 og korleis samfunnet møtte terroren i tida etterpå. - Eg er glad 22. juli-senteret no er på plass. Kunnskap og openheit er det viktigaste vernet vårt mot hat, vald og ekstremisme, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Utstillinga i senteret fortel om hendingane den dagen terroren råka og frå tida etterpå gjennom tekst, gjenstandar, levande bilete og fotografiar.

- Terroråtaka 22. juli 2011 var eit angrep på demokratiet vårt og viktige verdiar som mangfald og likeverd. Åtaka, måten vi som nasjon møtte terroren og korleis vi som rettssamfunn tok oppgjer med terroristen, er ein viktig del av historia vår som vi må formidle, seier Sanner.

Ungdom er ei viktig målgruppe for senteret. Frå skulestart i haust vil eit eige undervisningsopplegg retta mot klassetrinna 10 til 13 vere klart. Nettsidene til 22. juli-senteret skal også vere til hjelp for lærarar som vil formidle historia om 22. juli.  

- Med god kunnskap er vi betre rusta til å hente lærdom frå hendinga og stå imot hat og ekstremisme i framtida. Senteret og undervisningsopplegget skal bidra til dette, seier Sanner.

Institutt for historiske studier ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) har det faglege ansvaret for senteret. Utstillingen er laga i nært samarbeid med AUF og Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane.

- Vi har vore opptekne av å lage ei sakleg og dokumentarisk utstilling utan nokon form for dramatisering. Vi legg ingenting til, og vi trekk ingenting frå. Eg vonar utstillinga vil vere ein stad for å reflektere over kva 22. juli tyder for oss i dag, seier prosjektleiar for utstillinga førsteamanuensis Tor Einar Fagerland ved NTNU.

Senteret er lokalisert i første etasje i høgblokka i regjeringskvartalet. Utstillinga er open for publikum måndag-lørdag frå klokka 10 til 17, og søndagar fra klokka 12 til 16. Sikkerheits- og serviceorganisasjonen i departementa (DSS) vil stå for drifta.

Kontaktinformasjon: 

Telefon: 22 24 22 22
E-post: post@22julisenteret.no