Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

22,6 millionar kroner til Antidoping Norge i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Stiftinga Antidoping Norge vert tildelt 22,6 millionar kroner av spelemidla til idrettsformål i 2012. Tilskotet skal bidra til å utvikle Antidoping Norge som eit uavhengig kontroll- og påtaleorgan slik at arbeidet med å fremje ein ærleg og dopingfri idrett kan halde fram.

- Antidoping Norge er ein leiande antidopingorganisasjon i verda. Eg er glad for at vi med tilskotet frå spelemidlane er med på å halde oppe kvaliteten i arbeidet i Antidoping Norge, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

- Skal vi sikre ein idrett fri for doping, må dopingjegarane heile tida utvikle metodane og verksemda si. I dette arbeidet er Antidoping Norge i fremste rekkje.

- Antidoping Norge skal samarbeide med nasjonale idrettsorganisasjonar, World Anti-Doping Agency, Europarådet, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar med ansvar for antidopingarbeid, seier kulturministeren.
Eg legg til grunn at alle aktørar innanfor norsk idrett ivrar for ein rein idrett og eit godt antidopingarbeid, seier kulturminister Huitfeldt.

Til toppen