Historisk arkiv

228 kommunar har fått tilskott til sommarskule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa har løyva 500 millionar kroner som kommunane kan bruke til å opprette nye sommarskuletilbod eller utvide eksisterande tilbod. I alt 228 kommunar søkte og har fått tilskot. Sjå oversikta her.

Sommarskuletilbodet skal gi elevar i grunnskulen ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar sommaren 2021. Midla kan òg nyttast til tilbod i haustferien.

– Det siste året har mange elevar fått eit skuletilbod som ikkje har hatt same kvalitet som i eit normalt skuleår. Sommarskulen skal gi eit fagleg, sosialt og kulturelt påfyll til elevar i grunnskulen. Kommunane har stor fridom til å utforme det lokale tilbodet ut frå føresetnadene sine, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Målgruppa er elevar i grunnskulen som er busett i kommunen. Dette gjeld både elevar i kommunal grunnskule og elevar i private og frittståande skular. Eit forsterka sommarskuletilbod vil òg kunne skape mange sommarjobbar for studentar og eldre ungdom landet rundt.

Det er heilt frivillig for kommunane å ta imot middel, og regjeringa legg til grunn at dei sommarskuletilboda som blir finansierte av tilskotet er gratis for elevane.