Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett:

25 millionar kroner ekstra til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til kompensasjon av meirverdiavgift for bygging av idrettsanlegg med 25 millionar kroner. Med dette forslaget kjem den totale løyvinga til momskompensasjon opp i 125 millionar kroner. Denne regjeringa har dermed meir enn dobla tilgjengeleg ramme i ordninga, som var på 55,8 millionar kroner i førre regjerings framlegg til budsjett for 2014.

Gruppebilde hvor de holder i en fotball sammen. Med på bildet er kulturminister Thorhild Widvey, stortingsrepresentant Mette Tønder (H), generalsekretær i NIF Inge Andersen, stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP), stortingsrepresentant Terje Breivik (V), stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold (KrF).
Frå venstre: Kulturminister Thorhild Widvey, stortingsrepresentant Mette Tønder (H), generalsekretær i NIF Inge Andersen, stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP), stortingsrepresentant Terje Breivik (V), stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold (KrF) Foto: Ketil Frøland/Kulturdepartementet

- Momskompensasjonsordninga lettar finansieringa av anleggsinvesteringar. Ekstraløyvinga på 25 millionar kroner er difor særs viktig for den lokale, frivillige idretten rundt om i landet, seier kulturminister Thorhild Widvey. - Ordninga er populær og det er gledeleg å registrere den auka interessa blant idrettslaga til å bygge anlegg, seier kulturminister Widvey.

Sidan ordninga vart innført i 2010 har idrettslag og foreiningar mottatt 277 millionar kroner i kompensasjon, regjeringa har ei rekke gonger auka løyvingane til ordninga i handsaminga av budsjetta for 2014 og 2015.